Ferge!

januar 19, 2009 av Trude

I dag tok eg ferge. Det er sjelden eg tar ferge no for tida sidan eg bur i volda, men i dag gjorde eg det. EIN ting ein legg merke til då (eller fleire): alle er trøytte – det er ingen stad å setje seg, berre bilane er prioritert på denne ferga. Det artigaste eg la merke til er Ferjebillettørane. Kvifor blir ein eigentleg ferjebillettør? OK, masse kjekke folk og sosialt, men også må ein vere ute i all slags vær og hoste opp eksos medan ein tar betaling frå bilane. KVifor blir ein ferjebillettør? Eg har funne svaret. Ville vesten – cowboy! ein kan sjå at dei konsetrerar seg om å gå på ein måte slik at det mest mogleg ser ut om det ikkje er ei billettbetalingsmaskin dei har i beltet rundt livet, men eit våpen. Til å skyte ville bandittar med. Dei bevegar seg nedover fergegangen som om dei har piggar på hælen av skoa. Legg merke til dette og legg merke til ferjebillettørane. Dei er kule!

Vi hekje lærar så ej la ut litt bilde ej

oktober 13, 2008 av Trude

 

PUUUS!!

 

og pusepus! :)

 

også skaut pappa en hjort hin dagen..litt groteskt bilde, men det tåle dokke

 

 

 

okey, så et litt kjekkare bilde til slutt

 

 

God haust! :D

Padda

oktober 4, 2008 av Trude

Tjohei, då måtte ej nesten skrive litt. Ja, det e liv i mej alså, visst noken lurte. Koseleg at folk ser innom  her utan at ej skriv noko!

her kjem eit lite haustbilete (som ej fann på oole.

 

yess, no er det haust og eg har lyst til å sjå “det suser i sivet”!

ferie

juli 22, 2008 av Trude

Plutseleg har eg ferie, i tre heile dagar før eg skal på jobb att. eg trur det er det lengste eg har hatt ferie hittil. Uansett, her sitt eg framfor dataen til mor og et sjokoladekake som ho laga for litt sidan. ho har også laga vafle tidlegare. Vi er glade i kaffimat denne familien. Det har eg ingenting imot. I går var det banankake med rosiner, nmanam!

Tone og Vegard sit i stova og spela piano og syng. Eg føler eg har ein liten konsert bare for meg, halvegs iallefall, sidan eg sit med ryggen til på dataen. koselegt. kosar meg!

jaja, en liten livstegn frå meg,  tada :)

Oj..

juni 22, 2008 av Trude

Oj.. No e det faktisk tre månader sidan sist ej va inn på bloggen min, rett og slett. e bare mykje rart der inne, men trur ikkje ej vil slette den, en vakker dag skal dykk sjå at ej verte vis, og skrablar ned alt moleg. Jadda.

Viking vs. franskmann

mars 23, 2008 av Trude

Det snør!! Og det snøva sånn!! Heilt, heilt kvitt, og folkens, det e ikkje sludd!!! Ej he funne ut at vintermånadane ikkje lenger kan vere desember, januar og februar. Det må nesten vere januar, februar og mars. Enig? Tenkte meg det:)

No sit eg og skriv norskstil om barneoppdragelse, om vikingane som ville at ungane skulle tidleg krøkast og gjerne drepe  ein mann når dei var 12 år gammal, og om Rousseau som villle at ungar skulle fullstendig skjermast heilt til dei var 15 år. Då kunne dei begynne å gå på skule og sånn. Kan ikkje sei eg er så veldig begeistra for nokon av metodane..

No skal eg lage meg noke god mat som Tone og Runar he funne på. Den e sånn:

For 1 person, du treng

  • 2-3 egg
  • ei stor gulrot
  • en porsjon kokt ris med gurkemeiekrydder
  • div salat, agurk, bønnespire alt etter behag

Skrell gulrota og rasp den. Lag eggerøre av egga, ha gjerne i diverse krydder i eggerøra. Skyll og skjer opp salat, agurk osv. Bland alt saman med risen i ein stor bolle og nyt det. Håper det smaker!

Ferie!:)

mars 15, 2008 av Trude

 Lørdags morgon. Litt kaldt på rommet. Strekker meg. Ser ut av vinduet. SOOOL!!!!:D Og ikkje ei sky på himmelen!! Og det e 15. Mars!! Mamma og pappa og Torgeir reiste etter frukost til Ulsteinvik og ej va heime aleine heiile dagen:) He bare sete på verandaen og hørt på radio og ete sjokolade og lest møre og sett i nyaste H&M-katalogen og sola mej. Kom på en song i stad når ej støvsugde huset (etter sola va gått) som passa fint til dinne dagen:

Å ligge på et svaberg å bare vere til, å kjenne solen varme i en luft som er så mild. Det er hva jeg kaller en smak av honning 

 Å vite at man ikke har behov for noen ting. Nei, bare kjenne gleden for alt som er omkring. Det er hva jeg kaller en smak av honning

Veit ikkje om ej ville kalla det smak av honning, men det rima fint:) Ej he til og med fått litt farge! litt rosa hehe. Her e et bilde av en liten, buskete venn ej møtte når ej og pus tok oss en tur ut:)

dscf2509.jpg

 

Ej meina at det e han, og han bør heite Eirik Ekorn Nøttesen, men så kan det hende at det e ei jente da, i så fall: Ellen Ekorn Notdottir. Stakkar.. okei da, du skal sleppe å heite noke rart noke. Men søt va den iallefall:) Pus jakta litt på den, men va for lat til å begynne å klatre i tre. Det va like greitt.

En herleg første påskeferiedag. Kanskje vi skal på hytta i morga, då blir ej sikkert smurferosa:p

Humørsjuke facebook

mars 13, 2008 av Trude

Jada, her sitte ej, inne på rommet mitt. Vart jaga vekk siden Torgeir skulle ha sånn konfirmantgreie her heime. Så no e heile klassa hans + Magne Aksnes og Erlend Koppen inne i stova vår, morsomt. Mamma og pappa e fram på støylen for å gå på ski. Ej he lyst til å legge inn bilde på facebokk (haha), men det bare står at ej ikkje fe lov til å opne ditte vinduet buhu..

Sunniva, Kristin, Henrik, Ingvil og ej va forresten på landskape i dag siden vi egentli skulle på puppane (ka den plassen egentli heite?) og ete is, men så va sola gått og då va egentlig dagen gått. Det gikk i frityrstekte ting og ris med sursøt saus, nam:) Og etterpå va vi på Cubus og fant sommarklede:)

Og så da, så sitte ej her og e så altfor usosial. Teite konfirmantting, kanskje ej kan fare ut og prate med sauane. Dei svara da iallefall. Dei seie bæææææ, men oftast bæh.

No høre ej Torgeir sei – det e lov å plukke av salaten!

Facebook virka!!:) ånei, ej begynne å bli skikkeli avhengig, uffeluff..

“Flyg for eit varmare Norge

februar 9, 2008 av Trude

Framsida av sol.no. Største oppslaget er om nordpolisen som har forsvunne med 25% siste året. Ved sida av er det ei reklame: “Røm fra den kalde vinteren og fly til syden for under ein tusenlapp!”

She’s a lady, åoh ah we”

februar 1, 2008 av Trude

Snøøøøø!!! Det laga lyd under føtene mine når ej går – kram kram – og lukta så friskt! Tenke seg til at vi bare skal ha denne herlegheita til søndag også smelta den vekk..! Jaha, stooor overraskelse tenke du vel, og der tenkte du rett. Med mindre vi har heim på blåfjell og har ei geit som gir oss tår må vi berre godta den milde vestlandsvinteren. Når vi er velsigna med SNØen (regelrett Ingvil & Kristin?) er det bare å hyve seg rundt og kome seg ut? Nokon vil stå på ski, andre vil gå på ski, men lille Tlude vil lage snømann. Og pappa hjelpe til:)

Åneiånei!!! No skulle ej laste ned et kjempegøy bilde av ei diger snødame som ej og pappa laga, men det vil ikkje..!! (..jajaa..dei som vil kan sjå den på dataen min iallefall…..snufs..)

Ok, då kan dokke få sjå litt vinterbilde da i det minste…:)

2007_1221monge0066.jpg

På leiting etter juletre.

2007_1221monge0039.jpg

Pusen min!!!

Jaja, skal få til å legge ut den dama alså, og det e litt av ei dame!